Friday, February 17, 2006

TRYKKTANKER

Det bobler og syder i skallen min ,- og i magen.
Den eine med straum , og den andre på gass.
om natta så vel som om dagen.
Her putrer og koker og levast eit liv,
her veks både trykket og varmen,
det formast og trengjer seg på og vil ut
i tanken så vel som i tarmen.

Det er ikkje gitt at det blir til suksess -og til lykke,
om du forsiktig gir etter litt,
og letter så vidt litt på trykket.
Ei ørlita dose og fanden er laus,
med alt det som helvete rommer
Sleppe ”fångarna loss” for det luktar av vår,
men ”en due gjør ingen sommer”.

Når uttrykksbehovet blir sterkt nok så skjer det normale.
Og anten det kjem ut lyrisk og lunt,
eller meir som det barnslig anale,
så lever vi då i et demokrati
og ikkje i heidningelender
for her har vi fridom for yttringar vi,
og den gjeld i begge ender.

Men effekten den lar seg vansk´leg berekne – presis.
For kven har´kje opplevd diskret flatulens
bli til meir enn eit brak av ein fis.
Vi sit så uskuldig og slepper ut litt
og hoster og ynskjer oss avtrekk
men før vi veit ordet, så har det gått gale,
og vi har tatt ”ein Selbekk”.

Du veit, han som hadde slikt harmlaust eit trykk - i sitt magasin,
då det skrall og gjalla så Ali og Allah
ropte ”Hevn” mot dei nordiske svin.
Ja spreiing og sprengkraft e vond å vurdere,
av særlig sin eigen odør
Men han skjønte til slutt at det kanskje var betre
med ein flat enn ein daud redaktør.

Til slutt vil eg derfor få uttrykt min djuptfølte anger
for alle dei komande yttringar og -
for denne eg med angst har gått svanger.
Målet var kun å få letta på trykket
for tankar og sjøllaga eter
og vonar dei ser mellom fingrane her,
Muhammed såvel som St.Peter.

Monday, February 06, 2006

Jeg skal lage ny layout på bloggen min, jeg har bare ikke hatt tid! Hvis det er noen der ute som leser den, eller i det hele tatt ser på den her, så vet dere det ihvertfall! sådetså... :)

Sunday, February 05, 2006

Har fått meg et nytt favoritt-band, ved navn "Circa Survive" :)
I loove it... mmmmhmm...



Emo-band.. Med en vokal som gir deg frysninger!
SJEKK UT!